"Mykje har endra seg i kristenlivet i Strand dei siste 200 åra"

"Mykje har endra seg i kristenlivet i Strand dei siste 200 åra"


Velkommen fredag 14. april kl. 19:00

Velkommen til kirken fredag 14. april kl 19:00.

Tema: "Mykje har endra seg i kristenlivet i Strand dei siste 200 åra"

Lars Gaute Jøssang tek oss med gjennom dei omfattande og djuptgåande endringane som har gått føre seg både i kyrkja, lekmannsarbeidet, organisasjonane og frikyrkjene.

Jøssang er lærar, forfattar og professor i historie og samfunnsfag ved NLA Høgskolen i Bergen. Me hykte tak i han under Stålverkskonferansen i september i fjor då han både deltok i samtalen om Stålverkskulturen, og heldt foredrag om «Gudstru i smeltedigelen – Kristenliv i stålverksbyen».
Jøssang er fødd i 1957 og oppvaksen på Jøssang, og har god kunnskap om Strand. Han har vore engasjert i Misjonssambandet i fleire år, og som hovudstyreformann i perioden 2009-2018.
- Tanken er å gje eit riss av det som har gått føre seg gjennom dei siste 200 åra, seier Jøssang, som altså lovar noko for ein kvar ståstad.

Imellom tidsepokane vil vi få høyre religiøse folketonar frå Ryfylke, sunge av Silje Vige Bergøy som blei nasjonal kjendis då ho framførte Noregs bidrag i MGP for 30 år sidan.
Med andre ord, kan me sjå fram til eit historisk møte på mange vis i Jørpeland kyrkje.

Kr.100 ved inngang.
Arr. Kulturutvalet i Jørpeland kyrkjelyd 

 

 

Tilbake