Konfirmant på Jørpeland 2021/2022


Velkommen til nye konfirmanter 2021-2022


 

 


Bli med på et spennende år som konfirmant 2021/2022!

 

Konfirmantåret startar med leir på Furutangen misjonssenter 20.-22.august 2021

Konfirmasjon i Jørpeland kyrkje laurdag 7.mai og søndag 15.mai 2022

Ei generell brosjyre om konfirmasjon blir sendt frå Kirkerådet i løpet av våren til alle 8. klassingar. 

ALLE som skal gå på 9.trinn er velkomne til å vera konfirmant. 

Noko du lurer på?
På www.konfirmant.no kan du lese meir om kva det er å vere konfirmant. 

Påmeldingsskjema kjem her i mai 2021...

 
Det er nettbasert påmelding for konfirmantar.

 

 Å være konfirmant:  

Enten du trur, tvilar eller berre er nyfiken, er du velkommen til konfirmasjon i kyrkja.
I konfirmasjonstida får du lære meir om deg sjølv og Gud.
Du får høve til å utforske nokre
av dei mange spørsmåla i livet saman med andre.
Vi snakkar om livet – på godt og vondt. Samstundes får du oppleve mykje nytt.


Konfirmasjonsdagen
Sjølve konfirmasjonsdagen er ein stor festdag for deg, familien og kyrkjelyden.
Den markerer avslutninga på ei spennande tid der du har vore saman med andre for å snakke, lytte og lære, skape og erfare.
I Den norske kyrkja er konfirmasjonen ei forbønshandling. Konfirmasjonsgudstenesta er høgtideleg,
og alle konfirmantane kneler ved alterringen. Presten eller konfirmantleiaren din ber for deg. 


Konfirmasjonstid
Alle har rett til ei god konfirmasjonstid. Dersom du har behov for tilrettelegging,
tar du og familien din kontakt med Jørpeland menighet på telefon 51 74 11 30.

For å bli konfirmert, må ein vere døypt.
Dei som ikkje er det frå før, kan bli døypt i løpet av konfirmantåret.


 

  Hvis noen har spørsmål, ta kontakt på epost: mia.christina.raustein@strand.kommune.no 
  eller ring 5174 1130.



 

 

Tilbake